Memento vivere

My pursuit of happiness

Tuesday, 12 April 2011

Vinnartekstar

Jippi, første innlegg på nynorsk!

Etter å ha kome heim, fann eg ut at eg har greidd å verte berømt medan eg var borte.
Mange har fått med seg at eg har vunne premiar i to skrivekonkurransar i vinter;
2. plass i ein konkurranse utlyst på origo.no, arrangert av Mot til å meina, Lølandsstiftinga, magasinett.no og Framtida.no, der temaet var "Korleis er livet ditt i 2020?" - ei politisk vinkla skrivekonkurranse.
I tillegg fikk eg for nokre veker vite at nynorskeksamenen min frå i fjor er trekt ut som ein av dei tre beste i landet, og eg vert tildelt Fridthiov Oos' legat på litteraturmesse hos det Norske Samlaget i Oslo 28. april.

Gode nyhende spreier seg raskt, og mange har etterlyst å få lese tekstane.

Sjølvsagt! All PR er god PR, ikkje sant?
Og når ingen vil gi ut bok av verka mine, får eg publisere dei sjølv.



2. plass i skrivekonkurranse på origo.no:

Enkelt spørsmål

Kva framtid vil eg ha?
Eg vil ha ei heidundrande studenttid, greie eksamenar med glans utan å ha lese meir enn innhaldsregisteret i bøkene, få bra jobb med god løn, stifte familie med ei blanding av McGyver og George Clooney, bu i flott hus med sauna og boblebad, ha Alfa Romeo i garasjen, hytte på Saint Kitts and Nevis og i Kragerø, tre ungar som kan prate før dei er eitt år, lese før dei er fire og lage trerettersmiddag før dei er seks og i tillegg greie oppvasken. Gjere bra karriere og vere familiemenneske på ein gong, dra på fjelltur kvar sundag morgon og spinning tre gongar i veka og ha kollegaer som misunnelege lurar på kvifor eg held meg så bra, og smilande trekke på akslane og seie “eg er nok berre heldig”, kunne sleppe å bekymre meg for å bruke for mykje penger, spare mijløet og politikk generelt, og til slutt døy i ein lenestol, omgitt av mine kjære, medan sola går ned i havet utanfor og malar trekka mine rosenraude og verda gret i sorg over bortgangen min.
Er det for mykje for langt?

Med bekymra mine myser eg inn i den tåka av moglegheiter og ukjende vegar som forhåpentlegvis har alt dette klart til meg.
Ei kjensle av frykt veks i brystet.
Du kan ikkje berre få alt dette her, seier dei.
Du må ta val, seier dei.
Bruke stemmeretten din, jobbe for å nå måla dine.
Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, før du utsliten bryt saman av leddgikt på ein forfallen gamleheim etter å ha nådd pensjonsalderen på 84, ute av stand til å hugse anna enn korleis bestemor di pla gi deg havregraut, og utan nokon slekt til å høyre på det fordi dei har det for travelt med å tene til maten.
Bli politisk engasjert, la deg rive med av arabisk ungdom med megafon som står på torg i tre veker av gongen for å vise kva dei meiner, kjemp for rettane dine, mot fedme og for dyrare bensin.
Flytt tilbake til heimbygda, luft hunden til foreldra dine dagleg og nyt at du kan jobbe med noko anna enn det du utdanna deg til fordi den jobben har dei ikkje der.
Høyrest det ikkje flott ut, seier dei.
Frisk luft og lokalsamfunn.
Plass til å skrike ut frustrasjonen over at kommunen ikkje har råd til verken vedlikehald eller omsorgsteneste eller akseptabelt kollektivtilbod utan at nokon høyrer deg.
Der skal du leva og dra snørrete ungar til barnehage på miljøvenleg sykkel på dårleg måkte vegar om vinteren. Der skal du sitje og rive deg i håret over at menneskeliknande straummaster skjender Hardangervidda, at FrP etter å ha kome til makta har laga firefelts motorveg frå Stavanger til Oslo og kjørt velferdsstaten i dass for å lette rikfolk sine tunge skattebyrder, over at oljefondet snart er brukt opp fordi Nordsjøen er pumpa tom, og over at planeten Jorda er ved å gå under berre fordi folk ikkje kunne styre forbruket sitt tilbake i 2011. Saudi Arabia er på veg til å bli sekularisert, fordi global oppvarming har gjort det umogleg for både analfabete kvinner og halvislamistiske kongefamilier å leve der likevel.
Maldivene er, i lag med nynorsk i undervisinga, ein saga blott, og i ei då endå meir regnfull avkrok av verda – om ikkje endra havstraumar har skapt permafrost på Jæren allereie – sit du og kan ikkje gjere anna enn sjå på elendigheitene frå sofakroken og ergre deg over menneska si imponerande evne til å kjøre denne kloden så godt og grundig ned i dass når ein faktisk hadde ei lita aning om kva som kom til å hende.

Eg føretrekkjer lett min eigen versjon.






Vinnar av Fridthiov Oos' legat 2011:


Nøkkelen til evig ungdom

Mor mi kan ikkje skrive SMS-ar. Ikkje det at ho ikkje kan skrive dei, for det kunne hu jublande stadfeste for eit par år sidan då ho sette ny rekord og berre brukte ein halvtime på å taste seg fram til ”Hei. Helsing Vigdis”. Problemet er språket. Ho har enno ikkje skjøna at det faktisk ikkje er kult å skrive forkortingar og tal i staden for orda slik dei skal vere. ”P kjem i m. R ok” kan eg få pipande inn på mobilen. Etter å ha vandra kvilelaust rundt for å knekkje koden, undre meg over kva eller kven ”R” er, glimtar det til i ein lysdiode i hjernen min. Eg kjem i hug at det er mor mi det er snakk om. Ho freista visst berre fortelje meg at pappa har det bra og kjem heim i morgon.  
”C u l8r”
”M snx.”
Kva er dette? Skumle teoriar om romvesen som har infiltrert hjernen hennar gjer meg uroleg og svirrar ei stund rundt i hovudet mitt før eg kom fram til at det nok berre var ho som hadde sete seg på mobilen eller lånt han vekk til nokre ungar.
Det var ikkje sant. Ho hadde skrive det sjølv og faktisk prøvd å seie meg noko.
Eg tok det opp med henne for å spørje kva som eigentleg gjekk føre seg.  
”Det er jo slik det skal vera.” Seier kven? Eg er 18, har hatt mobil i fem år, og kunne likevel aldri funne på å skrive  ”r” istadenfor ”er”.
”All ungdomen skriv jo på den måten!” Det var det eg frykta. Mor mi er inne i ei femtiårskrise og tykkjer å skrive teite SMS er måten å løyse det på. Svært festleg.

Dette fenomenet ser eg spre seg som ein svineinfluensabasill bland vaksne menneske. Ikkje berre når det gjeld SMS og Facebook som dei no har forvilla seg inn på, og skremmande nok er i ferd med å ta over. Nei, eg høyrer foreldre bruke ord som ”fresh, ”kul”, ”chill” og ”jalla” når dei er ute med borna sine. Det er rett og slett opprivande. Kva hende med ”prat skikkeleg!” når du sa feil som liten?
 ”Det heiter det ikkje på norsk” sa dei når eg i tredje klasse fekk ”kul” til å verte det mest brukte ordet i vokabularet mitt, og ”dilla” skjøna dei ikkje ein gong kva var for noko.
Ja, eg kan ikkje seie anna enn at det bekymrar meg, for her har me inga banebrytande vaksine – som folk likevel ikkje vil ta – for å motverke spreiinga. Det som uroar meg mest er at det ser ut til at eg er ei av dei få som har skjøna kva for ein trugsel me står andsynes. Venene mine ser ikkje problemet i at foreldra pratar på same måten som dei, eller at besteforeldra ikkje bryr seg når du bannar eller seier at du ”kødda”. Skilnaden mellom generasjonar har til all tid vore det samfunnet er tufta på. Respekter dei gamle og hald på tradisjonar. Dei skal gå i nystrokne bukser og stiva skjortekrage, og me skal ha grønske på knea og få ris for det. Slik skal det vere. Knallhard disiplin og spanskrøyr er det som har fått oss dit me er i dag. Kvifor slutte?

Denne nye infeksjonen som fører til samangrodde generasjonar er på veg til å spreie seg utover det orale bruksområdet og inn i andre delar av livsstilen som vil vere endå meir påfallande og pinlege for oss unge.
Det ultimate skrekkscenariet: Gamle, skrukkete damer med blått hår som smyg seg rundt med rullatoren sin og seier: ”Hallå, skjer’a? harru en sigg?”. Pappaen din som kjem heim frå jobb med sæggebukse, caps og Koss-headsettet rundt halsen. Den vaksne søstera di som kjem heim på familieselskap med ei t-skjorte som ikkje rekk halvvegs ned til navlepiercingen, tek ungen sin på fanget og kjeftar på foreldra dykkar fordi dei er så teite og tykkjer den nye ”tattisen” hennar er stygg.
Det må då vere noko å gjere for å hindre dette i å hende.

Alderdomen har til alle tider vore ei stor, mørk og stygg askesky som heng på himmelen over livet ditt og som for kvar dag kjem nærmare med nedbør i form av leddgikt, grå stær og rusten gamalmannsrøst som kallar andre for ”unge dame” ”gutunge” og fortel om den gongen då han var ung. Denne skya ventar berre på å skugge for sola, drysse kvitt støv ned i håret ditt og gjere deg skjelven til beins. Før pla folk freiste å springe frå henne, men no set dei heller ein propp i vulkanen som som er årsaka og hindrar ho å kome i vår retning. Korleis? Ved  å nekte å verte gamal. Det er berre å tvihalde på det ungdomslege. Stilen. Språket. Så vil du vere evig ung, faktisk.

Nokre greier det betre enn andre. Eg hadde ein gong ein lærar. Ho kom inn til den første timen med naglehalsband, strame svarte klede og nokre latexstøvlettar som hadde gjort seg best i ein hardcore pornofilm. Jentene glodde og gutane sikla. Ho hadde jo greidd det! Ho hadde teke vare på denne rock ’n roll-stilen frå den gong ho var usikker og kvisete i 8. klasse, og ho trivdes med det no. Ho nekta dog å fortelje oss kor gamal ho var. Eg tippar 35, men skulle eg teke utgongspunkt i språket og stilen, ville nåla hamna på ”Kjønn: jente, Alder: tretten år, Stil: emo/goth, Legning: usikker, Musikk: heavy metal og punk rock”. 
Det var eitt lite menneske som lukkast i å vere evig pubertal. Eitt ut av dei mange tusen eg har sett prøve. Det er ikkje nok til å fjerne skepsisen til dette tiltaket.  Men eg må innrømme at ho var ein interessant person. Ein liten visitt når ho nærmar seg 80 for å oppdatere meg på siste nytt innan Fall Out Boy og Tokio Hotel vil nok vere på sin plass.

Eg skjønar ikkje at det skal vere så vanskeleg å gi slepp på ungdomstida. Greitt nok, det har vore den beste tida i mitt liv så langt, eg elskar fridomen og å sleppe å ha ansvar, sjå bra ut og ikkje bry meg om hengepupper og rynker, berre ta alt som det kjem, ha heile verda for min fot og framtida mi foran meg, bekymringslaust og lukkeleg, hakuna matata og så vidare, men éin dag må vel folk likevel skjøne at dei ikkje er femten år lengre. Det er herleg å vere ung, men når du sit i bilen på veg mot svigerforeldra si campingvogn i Hardanger med Kaptein Sabeltann i CD-spelaren, tissetrengde ungar i baksetet og oppgulp frå minstemann på skuldera, er det på tide å gi slepp og innsjå at kampen er tapt.
Då nyttar det verken å ta piercing i brystvorta, farge håret raudt eller gå rundt og seie ”Sjof den schmø kæba der!” og forvente at folk i det heile skal vite kva kebabnorsk er.
Det er på tide å vekse opp. Life’s a bitch and then you die, og slik har det alltid vore.
Berre vent, om seksti år sit eg i skjørt og bluse i ein slitt lenestol i ei stove med brun tapet, høyrar på P1 og omtalar veninnene mine ”Fru doktor Arnesen” og ”ærbødige Hansine, fred vere med henne”. Det er eg overtyda om. Heilt dritseriøst.


Før de trekk konklusjonen om at eg er endå meir sjølvoppteken enn eg er i røynda, må eg få seie at i begge tilfella kom det heilt bak på meg å ha vunne, og at det er ei stor ære for meg å få tildelt ei prestisjetung pris av nynorskfiffen. Det var berre eit usannsynleg ønske då eg vart med.

(Og etter å ha sagt det, kan eg seie "Oh yeah! oh yeah!" og gi meg sjølv ein hi5)

Så kan eg raudmande og flau få rette meg sjølv her. I eksamensoppgåva har eg fleire gonger skreve om "influensabasillar". Som dotter av ein lege burde eg ha vore observant nok til å sjå at det var feil. INFLUENSA KJEM AV VIRUS, men eg er fullt klår over det. Til mitt forsvar var eg sjølv sjuk den dagen eg skreiv det.
(Og heldigvis har ikkje språkfolk alltid så god greie på medisinske tilstandar...)

Paris. Museums. Pancakes. Parks. Sunshine. Long walks

Time is the one aspect of life I am sure to never understand. One week ago I was sleeping in a cheap hostel bed in Montmartre, and now I am lying in the best bed in the world in a little town in southwestern Norway, preparing myself to get up early to go to work tomorrow.

After wasting a rainy Sunday afternoon on being grumpy in a hostel room, I had to catch up on lost time the following days.
And in Paris there are a few things to see.

I started early Monday morning, and at 08.30 I enjoyed being number 26 in the queue in front of the glass pyramid of Louvre, filled with curiousity and excitement over finally being at this famous place myself, and very content about being early.
When they opened the doors half an hour later, the queue was around 200 meters.


Famous sight in the early morning hours

Musée du Louvre. What to say?
The building(s) itself is, without exaggerating, overwhelming.
Big.
Enormous.
As the old royal palace for a number of megalomanic kings and emperors, who all wanted to show their people and the world their greatness, it is richly decorated in any possible way. Statues, carvings, gold, grandness everywhere.
And it is seriously too big. I am sure the building is around one kilometer long from one end to another.

It isn't without reason the most visited museum in the world. Big, well organised exhibitions with interesting contents.
The big problem is the size.
I got lost in the suspiciously big Egyptian section (why does most of the Egyptian heritage happen to be in a museum in Paris?...), and both my back and legs hurt when I finally reached the paintings.

Venus de Milo

Egyptian book back then

The best description of my interpretation of death I've ever seen.

Doors

AHA! I found where they hid Hogwarts! Genius, seeing that huge numbers of Muggles go there every day.

Reflection

Exaggeration realised

Impressive use of light

Tourists

Painter painting painting
 
I have seen Mona Lisa.
She is not that big, and around 150 Asian tourists were trying to get a picture with her at once, so I didn't bother joining them.
Loads of paintings.
Very nice, but a bit too many - now I barely remember which ones I saw.
I liked Napoleon III's apartments a lot.


To the left: Mona Lisa by L. da Vinci.
To the right: 150 or more Asian tourists

Her fame ruined her

Vive la France!

Grandeur

Letter from famous person


I am not physically trained for large museums, so my back and legs forced me to throw in the towel after 3 hours, and skip the upper floor.
It was only Dutch, English and Scandinavian painters anyways.

Out in the Parisian spring.
Statues.
Parks.
A french crepe on Champs Elysées.
Sunshine.


Paris

Place de la Concorde. This obelisk is 2500 years old and tells the story of Ramses II's life. The French claim to have received it as a gift from Egypt - the Egyptians say Napoleon stole it...


I did the brilliant move to join New Sandeman's free guided tour - the same as we did in Paris.
This one too was great. So much fun facts and information about the city.
Some well spent hours!

Pont Neuf, first facebook-album in the world. One of the kings arranged a big party once, got all the important people of the country drunk, ordered his artists to portray them, and tadaaa, terrible faces on the bridge.
 

Eternal love on Pont de l'arte.
Or at least until some keepers come and cut them off.

Arago, the meridian of France - or the Roseline as Dan Brown put it

Palais Garnier, Opéra de Paris in the end of the road.
The phaaaaaaantom of the opera is there, inside that hooouse!


After finishing the tour, I headed for the most famous monument of Paris: The Eiffel Tower.
Big iron construction which you have to pay 13,50 euros to get into.
Nah.

Just because I was there!


Eiffel Tower

 After walking, and walking and walkiiiing to the Arc de Triomph and down Champs Elysées, I was close to total fatigue, and chose to turn my face back to Montmartre.

Street

I was really tired, so I decided to relax, and just take a look at the city after dusk.
Because of stupid guys trying to hit on me, I once again considered getting really fat and cut my hair and dye it brown, and went back to go to sleep.

Sacre Coeur by night


Something strange got to me in Paris, and I woke up automatically around 06.00 in the morning. Nothing to complain about, as my days had a tight schedule. Tuesday it was time for one of the most extreme and exaggerated places made by man in the world; Versailles.
Louis XIV was not mentally okay I think. Completely lost the grip of reality.
Pretty obvious as he considered himself the center of the universe.

Château de Versailles in the first sunrays of the day

How to show off in the 17th century: get a stuffed rhinoceros

Important French

Louis XIV had a double-digit number of expensively decorated thrones

The sun king, the center of the world

Chandeliers

I heard a guide say that 19 children were born in this bed

The coronation of Napoleon - not even God's representatives on earth was worthy of crowning him, so he did it himself

I found Voldemort! I swear, it IS him. Using scientist Suger as cover

Green

Just fixing something on the sunkings palace

Somehow (and luckily) you can't see the dark mass of tourists and Asian girls making traffic jam in the corridors because they just have to take a picture with every little statue or window or piece of curtain they can find, but they were there in large numbers.
I got really annoyed after a while because it makes it impossible to enjoy the artwork.
I therefore moved out in the gardens.
Which are just as insane, just in a different way.
You see, old Louis was so great that he controlled everything - even nature.
So the gardens of Versailles are an enourmous park system of squarekilometers. 
Hedges, lawns, pools, statues, bushes, paths, fountains, roads, canals, forests and even a part only for Marie Antoinette when she needed to feel like a "normal" person - with an Italian-inspired constructed village and her own "small" refuges.
They had small golfcars for rent, and I ended up regretting so hard that I didn't pay for driving instead of walking.

Queen's room

Park behind Marie Antoinettes mini-palace

Staircase.
No reason to be humble

One of numerous objects for self-worshipping

Pathway to the Queen's hamlet

Because this is how life was for normal people 400 years ago

Longest alley I have seen.
And I have to walk ALL THE WAY to just get out of this crazy place.
I remember I was almost crying

Cutting bushes in funny shapes is the way Louis XIV controlled the nature

There he is, crazy old man. 

After walking more or less a marathon in the gardens of the sun king, I gratefully sat down on the stairs in the overcrowded train back to Paris.
Half an hour of rest was enough to give me my energy back, and I headed for the splendid gothic masterpiece Notre Dame.
I am impressed that a cathedral with such fame still can keep some of the holy atmosphere. St. Marcus in Venice can't.

Okay mosaic

The treasures of Notre Dame

A piece of the True Cross, ladies and gentlemen. 
(Does wood really not rot after 2000 years?) 

I also visited the crypt of Notre Dame, but not the towers. Stupid me.
And Musée d'Orsay, a very pleasant surprise. Perfect size of an art museum, and with a big collection of Monet, including the famous waterlillies. I found out that I like impressionism after all.

That night I had, despite soar legs and sleepy eyes, decided to join the pubcrawl of Montmartre (like in Amsterdam - I like repeating myself). Again we weren't that many, and a Tuesday night is not the big party night in Paris, but the people there were great (even though I was the only one without English as my maternal language), so I had a good night.
Moulin Rouge
My responsibility puts a stopper for my fun, because even through a light mist of alcohol in my head, I understood that it would be better to take the last metro at 00.30 than walking back on my own in Paris' red light district (and there it is not clean, legal and well-organised). 

But the next morning I didn't regret that choice.
I had dark plans.
The catacombs of Paris.
Some of the creepiest I have ever done, and especially because it was early, so sometimes I would be the only thing moving in a dark, 500 m long corridor with low ceiling and moist dripping from the walls, far under the city where no one can hear me scream...


I must admit I had to suppress some claustrophobic fits, but it was really worth it!
I like scary stuff!

Many meters underground, you walk and walk. One way out, and it is ahead. Who knows what lurks in the dark?....

To honour a worker who died during the creation of the catacombs

Arrête! C'est ici l'empire de la mort
I can't understand what made me enter there voluntarily

They are not fake

I read that there are around 8000 skeletons in there. When the cemetaries were full, they needed to put them somewhere else. Very neatly organised in patterns and all, but a heart made of skulls could take away the nausea from being surrounded by skeletons.

Silence, êtres mortels

I am convinced I could feel the presence of ghosts or lost souls down there. Like an annoying, very high pitched sound that you can't hear, but you feel it.

They didn't attack me, so 45 minutes after going down, I was back up in the sunlit streets.

Panthéon

Lunch in 20 + degrees and sunshine in Jardin du Luxembourg

Summer

My last afternoon was dedicated to explore Montmartre - the "real" Paris.

One of many bookshops

Pastel colours

  
Yay, another Space Invader

Art in the street

Montmartre

From the top of the hill

My last artistic experience was the visit to Salvador Dalí's museum in Montmartre, where the crazy drughead loved to stay and create crazy things.


Say no more

Because time is not fixed or solid

I must say I was so charmed by his mustache that I bought a book about it

Montmartre II

Stairs in front of the Sacre Coeur

I had a musical- date with myself that evening, so the only thing I had to do before dinner was seeing Paris from above.
L'Arc de Triomphe smells like old socks on the inside, but apart from that, it is beautiful. Napoleon had some of the same problems as Louis XIV.
The city is actually designe around the Arc, so Napoleon could walk home from war through "arches of victory" and all the way down Champs Elysées to the castle that used to be in front of Palais du Louvre.
Montmartre seen from Arc de Triomphe

Paris. Two of twelve avenues going out from the Arc

The biggest roundabout in France. Ten lanes, no separation marks, twelve entries and exits.
Palermo, you lose

The grave of the unknown soldier.
After a nice dinner, I made my way to Theatre Mogador so see "Mamma Mia".
Excellent musical, excellent ending to an excellent trip. 

Only thing left between Paris and this:


was a day of lots of waiting, airports, security controls, sleeping. 
I was picked up in the cute little airport in Haugesund by a very happy mother, and two of the longest and most rich of experiences months of my life so far were over.
I arrived to grey weather and lots of snow left, but I must have brought some of the southern weather back with me, because the spring has finally arrived now.
Sunshine, snowmelting, flowers for the first time in 6 months. 

I spent one night in our little paradise - our cottage - with my mum, just to enjoy the first real day of spring this year. 

We also did some of this:

but that we don't talk about. 
My hands and arms still hurt. 

Good weather, good food, good wine, good books.

Paris might be big and splendid and overwhelming, but when it comes down to it, I am not sure if it can compare to this:


There is nothing like spring in Norway.

Or tea and waffels with brown cheese and homemade jam.